Kven er vi?
Herikstad Gard og Jerseymeieriet vert drive av Sonja Herikstad og Per Ådne Skårland:
Me driv både garden og meieriet i lag. Sonja har ansvaret for meieriet og Per Ådne for garden. Me har fire døtre i alderen 16-25 år, i tillegg til ein svigerson.
Eldste dottera heiter Randi, ho arbeider på Stavanger Universitessykehus, og har i tillegg ei aktiv rolle i meieriet.
Inger studerer i USA. Heidi og Thea går på vidaregåande og hjelper til på garden og i meieriet på fritida.


Meieriet og garden 
Jerseymeieriet ligg på Herikstad Gard, rett utanfor Bryne. Me har dreve garden sidan 2001, og meieriet sidan desember 2021.
Garden vert nå driven som eit bruk, men i 2001 vart nytt fjos bygd i samdrift med 2 andre. Me har fortsatt 2 av dei opphavelege kvotane og det meste av jorda frå då.
I tillegg leigar me ein gard på Herikstad med jord og kvote. I  2012 kjøpte me ein nabogard til samdriftsfjoset. Her har me bygd nytt våningshus og tun. Tomta med samdriftsfjoset er lagd til denne garden nå.  

Hovudproduksjonen er mjølk med ein kvote på 400 tonn som vert levert til TINE. Me kan i tillegg nytta 500 tonn i Jerseymeieriet før me når kvotetaket.
Det har me ikkje moglegheit til. Jerseybuskapen er på omlag 65 kyr og 120 ungdyr. Produksjonskapasitet på robot, fjos, dyr og jord er på omlag 500 tonn. Genetikken på fjoset er av høg kvalitet, alle dyr vert GS testa og me nyttar omlag 90 % kjønnsseparert Jerseysæd og resten Angus. Jerseyrasen er i god framgang i Norge og me har dei siste år seld mykje livdyr. 40-50 drektige kviger i året. På garden har me og 65 søyer med farga spælsau, nokre kjøttfe, 40 høner, 3 utegriser, 2 hestar og ein border collie.

Jordvegen er på 740 dekar. 500 dekar dyrka jord og 240 dekar kulturbeite. Det vert dyrka gras på 300 dekar, 200 av desse vert drivne intensivt med 4-5 slåtter som gir eit svært protein- og energirikt fôr til mjølkekyrne. Dei siste 100 vert nytta i eit 2-3 slått system for produksjon av fôr til ungdyr og sau. Graset vert pressa i rundballer.100 dekar vert nytta til korn, bygg, kveite og havre alt etter jordsmonn og kva kornet skal brukast til. 100 dekar dyrka jord rundt tunet vert nytta til kubeite frå 1. mai til bløyta stopper beitinga om hausten. Me har ei målsetjing om å ha ca 90 prosent heimeavla fôr til dyra våre.

Meieriproduksjon 
Hausten 2019 var me på tur til Tsjekkia med Europeisk Jersey Forum (EJF). Me besøkte fleire Jersey bønder som og hadde eigne meieri.  Der fekk me sjå og prøva mange flotte og smakfulle produkt av jerseymelk. Då fekk Sonja ideen om at dette kanskje kunne vera noko for oss.  Me søkte om midler hos Innovasjon Norge for å finne ut om det var interesse for våre produkt. Me gjennomførte også ein markedsundersøkelse i dagligvare- og storhusholdningsbransjen for å ha eit godt grunnlag for å sette i gang. Etter eit møte i Jæren Sparebank der me presenterte prosjektet, fekk me, etter litt justeringer, klarsignal for bygging.
Me starta byggeprosessen våren 2021, og opna i desember 2021.

Me satser på småskalaproduksjon frå eigne kyr og produserer yoghurt, fersk mjølk, ekta smør, fyldig rømme, is og andre prima produkt.
Meieriet vårt er rigga for å produsere alle typar meieriprodukt, også ulike typar ost. Alt vi produserer her i meieriet er laga frå botn av.
Det tek den tida det tek når mjølka skal separerast, fløyten skal syrnast til rømme, og rømmen etter kvart skal kinnast til smør. For å få eitt kilo smør trengst det rundt 15 kilo mjølk – og godt med tid. For det fins ingen snarveg til god mat.

Jerseykyrne våre har eit høgt innhald av feitt og protein i mjølka. Mjølka har også ein karakteristisk gul farge. Fargen kjem av at mjølka har høgt innhald av karoten, eit A-vitamin som også fins i gulrot. Produkta våre har preg av den gule fargen.

I gardsutsalet har vi i tillegg kjøt frå eigne dyr. Både Jersey og kryssingar mellom Jersey og Angus. Me sel fersk kjøt når vi har det tilgjengeleg. Elles har me våre eigne hamburgarar og Jerseypølser som har blitt svært populære. Me har to modningsskap kor me heng kjøt til tørrmodning. Dette vert til T-bone, entrecote og høgrygg.
Nå har me og akkurat fått inn fyrste runde med ferskt lammekjøt og til jul vert det pinnekjøt, alt frå eigne sauer her på garden.